Handlekurv

Din handlevogn er tom!

inkl. mva. ekskl.frakt

NOK 0,00

mva. NOK 0,00

Kjøpsbetingelser

Organisasjonsnr.:989867601

Betaling:

1.Kredittkort.
Når du handlar hos Sostrene Lavik.no blir betalinga behandla av Klarna Checkout.
Det er ingen oppbevaring av kortnummer i butikken.Ved bestilling blir beløpet
reservert på din konto.Dette betyr at pengane står på din konto,men er reservert til Sostrene Lavik.no
Når varene sendast frå oss trekkast beløpet frå din konto.

2.Hente sjølv:
Du kan bestille varer og hente dei sjølv i butikken i Lavik.Bestill på vanlig måte
og betal når du hentar varene i butikken.Vi held varene av i ei veke.
Hugs:å velge "hente varene i butikken"-denne tjenesta er sjølvsagt fraktfri.

Frakt:
Vi sender varene med Mybring.Enkelte varer har høgare fraktpris,dette vil stå
spesifisert ved det enkelte produktet.
Frakt kr.98,-

Prisar:
Alle våre prisar er inkludert 25% mva.

Gaveinnpakking:

Dersom du ynskjer at vi skal pakke gavene inn for deg må du skrive det i merknadsfeltet.Fint om du skriv om det er til jente, gut,dame eller mann.



Ordre:
Ordren er bindande.Falske ordrer vil bli politianmeldt.

UAVHENTA PAKKAR VIL BLI BELASTA MED RETURKOSTNAD
PÅ KR.150,-

Angrefrist:
Hos oss har du 14 dagar angrefrist.Dersom du ynskjer å levere tilbake
varer eller bytte den i noko anna sender du den tilbake til oss.
Varene skal då vere i den stand du mottok den.Når vi har mottatt vara
betalar vi pengane tilbake til deg eller sender deg ei ny vare
dersom du ynskjer det.Returkostnad betalast av kunden.
IKKJE SEND VARA I OPPKRAV TIL OSS.

Reklamasjon:
Vi kontrollerer alle varene som vi sender frå oss slik at vi er
sikker på at de ikkje inneheld feil eller manglar.
Dersom vara er skada under transport,må du ta vare på
embalasjen samt produkta og levere dette på posten.
Der vil du få eit skadeskjema som må fyllast ut.Følg postens prosedyrar.
Dette må gjerast for at vara blir erstatta frå vår side.Lovverket henviser til
at du gjer ting "innen rimelig tid"og vi tillater oss å tolke dette i denne samanheng
som mindre enn 3 virkedagar frå du har mottatt vara.

Vi ber deg vere oppmerksom på følgande:
*vi tek forbehold mot at vara kan vere utsolgt.
*Farge kan avvike noko frå foto.
*sjekk måla på produkta.Bilde kan gje feil inntrykk av størrelse.
*Vi tek forbehold om trykkfeil.
*Salgsvarer byttast ikkje.

Ta gjerne kontakt med oss på
post@lavikgaver.no
eller telefon
99163828.